Affrikatar

Fonetisk sett er ein affrikat ein sekvens av ein plosiv og ein homorgan frikativ (homorgan tyder at dei har den same artikulasjonsstaden). Ein ustemd dental affrikat finn me t.d. i italiensk "pizza" og lombardisk "naraanz", 'appelsin'.

Palatale affrikatar finn me i mange språk, t.d. engelsk "church" , "gentle" ; lombardisk "Francja" 'Frankrike', "Nurvégja", 'Noreg'.

I mange norske dialektar er kj-lyden nettopp ein ustemd palatal affrikat, som i sunnmørsk uttale av "kinn", .

Stemde palatale affrikatar i norsk finn me stort sett i situasjonar der ein opphavleg lang g har vorte palatalisert gjennom prosessar i språkhistoria. Eit døme er den sunnmørske uttalen av "bryggje" (dvs. ei kai): . I bunden form av mange substantiv vil me i sunnmørsk òg ha ei veksling mellom velar plosiv og palatal affrikat, som i bunden form av hankjønnsordet "rygg": (endinga i søresunnmørsk svarar til endinga -en i skriftspråket).

Fonologisk sett er affrikatar ikkje berre eit samband av ein plosiv og ein frikativ. Ofte ser ein nemleg i fonologisk analyse at det som fonetisk sett er ein affrikat, altså det som fonetisk sett er eit samband av to lydar, likevel oppfører seg som om det var éin lyd. Innanfor autosegmental fonologi har ein analysert dette slik at det er to lydar (ein plosiv og ein affrikat) som begge høyrer heime på éin og same posisjonen i straumen av lydar når me talar.

Døme på denne noko spesielle måten som affrikatar oppfører seg på, kan me henta både frå engelsk og frå norsk: I desse språka kan ein i framlyd (fremst i ord) ha samband av to konsonantar, der maksimalt éin er såkalla obstruent (obstruent = lyd som har merkbar friksjon, dvs. frikativar og plosivar). Me kan ha ord som byrjar med /pl/, /fr/ osb., men ikkje */ts/, */fp/, */pt/ osb. Unntaket er dersom den fyrste lyden er . Då kan ein ha endå ein obstruent: /st(r)/, /sp(l,r)/, /sk(l,r)/ osb.

Kva då om me har ein affrikat i framlyd? Ettersom affrikatar er sette saman av ein plosiv og ein frikativ, dvs. to obstruentar, skulle ein ha venta at affrikatar ikkje kom føre i framlyd. Likevel ser me i engelsk og i norske dialektar at ein kan ha ord som "chest" , "gentle" og "kiste" . Fonologisk sett oppfører altså affrikatar seg ikkje som to lydar, men som éin lyd.


    -- av Jardar Eggesbø Abrahamsen


Meir om dette emnet:

Bußmann, Hadumod 1990. Lexikon der Sprachwissenschaft. Kröner. Side 53-54.

Endresen, Rolf Theil 1991. Fonetikk og fonologi. Ei elementær innføring. Universitetsforlaget. Side 78.

Møll, Elisabeth 1996. Palatalisering av velarer i lys av autosegmental fonologi. Hovudoppgåve, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen.

Roca, Iggy 1994. Generative Phonology. Routledge. Side 4.

Sandøy, Helge 1993. Talemål. Novus. Side 46 og 100.

Trask, R.L. 1996. A Dictionary of Phonetics and Phonology. Routledge. Side 14.

Denne temateksten er en del av det interaktive IPA-kartet Norske språklyder