Norsk internetthistorie i eit samfunnsperspektiv
Føredrag på møte i Telenors pensjonistforening i Trondheim 19. november 2003
Tilrettelagt for internett i desember 2003

Innhald: Kommunikasjon | Lange avstandar, før | Informasjonsteknologisk revolusjon | Andre kommunikasjonsmedium | Teknologisk konvergens I | Sikrare kommunikasjon | ARPANET | Noreg og England koplast til | Standardisering med teleoperatørane i føringa | TCP/IP og Internet | Internet brukast | www | Ulemper | Nye bruksmåtar | Teknologisk konvergens II | I heisen | Ressursbruk på overvaking | Sosiale ulemper |

  • Når starta Internett,
  • kven gjorde det, og
  • kva for konsekvensar har det fått på samfunnet?

    Ein kort måte å svara på, er at

  • det starta med Sputniksjokket.
  • Vitskapsfolk i det amerikanske forsvaret utvikla idéen med datanett. Og,
  • i dag er Internett kjent for alle.

    Men, kva er Internett?

  • lenke til Internetthistorieprosjektet Lenke til Internetthistorieprosjektet


    Nettsida til Internetthistorieprosjektet


    Kommunikasjon

    Det er først og fremst kommunikasjon. I tillegg er det ein databank, der alle har tilgang til det meste. Internett er eit kommunikasjonsmiddel mellom folk, både i sann tid, som prating på nett, og med lagringsfunksjon, som e-post. Det er òg eit kommunikasjonsmiddel mellom sørvisinstansar og brukarar, som nettbank og blomsterkjøp via nett.


    Lange avstandar, før

    Kommunikasjonsaspektet fører oss lengre tilbake i tid. Ulike sivilisasjonar har kommunisert over lange avstandar på ulikt vis. Her til lands vart det i mellomalderen brukt vardar. Røyksignal vart òg brukt blant nordamerikanske urinnvånarar. Aborginarar brukte blåseinstrumentet didgeridoo, medan andre har brukt trommer, alle for å kommunisera, til dømes fare eller trussel.

    Skrivekunsten, og seinare trykkekunsten, gjorde det vidare mogleg å mangfaldiggjera skrift og meldingar raskt.


    Corda: folkemøte på Cuba

    Informasjonsteknologisk revolusjon

    Den eldste kommunikasjonsteknologien som teknologisk har størst likskap med dagens internett, er likevel telegrafen. Den første lina vart sett i drift i USA i 1844. I 1866 vart det òg strekt ein undersjøisk kabel mellom Storbritannia og Canada. Den kan seiast var starten på global kommunikasjon.

    Telefonen følgde etter, frå 1876, og den første oversjøiske telefonsamtalen skjedde i 1914. Samfunnet vart snart avhengig av raske kommunikasjonsnettverk. Omfanget av informasjonsutveksling over lange avstandar auka raskt, og gjennombrotet for desse teknologiane representerte den moderne informasjonsteknologiske revolusjonen.


    Telefonsentral

    Andre kommunikasjonsmedium

    Andre kommunikasjonsmedium som har relevans til Internett, var avisa som masseprodukt frå 1833, og fotografiet sitt gjennombrot i 1838. Etter kvart vart òg mediarelaterte teknologiar som filmkameraet (1891), radioen (første signal over Atlanteren 1901), fjernsynet (1939) og transistoren (1948) utvikla.

    Moderne nettside
    Teknologisk konvergens I

    I datanettsamanheng var det først berre holband og -kort som vart brukt til å lasta inn data. Etter at det vart utvikla dataskjermar, vart òg skrift brukt for å kommunisera, men ganske fargelaust. I dag derimot, er både fargar, bilete og lyd vanleg på Internett.

    Dette gjev nye moglegskapar som kastar eit interessant lys på utviklinga av Internett i eit samfunnsperspektiv. For kva er ikkje dagens Internett anna enn byrjinga på ein samansmelta teknologi? I dag - relatert til kommunikasjon og nokre sørvistenester. I morgon - kanskje smelta saman med trafikk, boligar og arbeid? Eg kjem tilbake til spørsmålet om teknologisk konvergens litt seinare, men først vil eg skissera det samfunnsmessige bakteppet for, og utviklinga av datanett i seg sjølv.


    Mange teknologiar


    Sikrare kommunikasjon

    Lat oss byrja med Sputnik, satellitten som Sovjetunionen skaut opp i bane kring jorda i 1957. Den kalde krigen rådde, og Sputnik fekk det til å gå kaldt nedover ryggen til makthavarane i den vestlege verda. For Sovjetunionen synte både - eit teknologisk og kunnskapsmessig forsprang i kappløpet om verdsrommet, og - at dei kunne nå det amerikanske kontinentet med atomvåpen. Dermed vart det sett i gang ei rekkje politiske tiltak for å ta att forspranget. Eitt av desse var etableringa av Advanced Research Projects Agency - ARPA, som skulle utvikla sikrare former for kommunikasjon.



    Sputnik

    ARPANET

    Der vart det utvikla idéar om interaktiv datakommunikasjon, samt teknologi for å stykka opp og senda datamengder som pakkar, sendt ut vilkårlege vegar, dvs. der det var ledig kapasitet i nettverket, og igjen sett saman til ei melding etter at alle pakkane hadde nådd adressaten. Det vart argumentert for at ein slik type bruk av nettverk gjorde det mindre sårbart for fiendeåtak, og at det langt på veg kunne sikra kommunikasjonen ved til dømes atomkrig. Det første datanettet, kalla ARPANET, vart bygd på desse prinsippa, og sett i drift i USA i 1969. Tre år seinare vart den første e-posten sendt.



    ARPANET 1971


    Noreg og England koplast til

    I slutten av 1973 vart òg Noreg og England kopla til ARPANET, via satellitt. Denne tilknyttinga vart mellom anna brukt til løpande seismisk informasjon frå NORSAR på Kjeller til USA, om sovjetiske atomprøvesprengingar. Ei militær verksemd som var karakteristisk for ARPANET, særleg i europeisk perspektiv.


    Standardisering med teleoperatørane i føringa

    Samstundes planla òg den internasjonale televerksorganisasjonen CCITT å utvikla eit datanett, men med andre type protokollar, bygd på internasjonale standardar. Vest-Europa ønskte å satsa i same retning, ikkje minst for å byggja opp europeisk industri kring ny teknologi, i industriell-økonomisk konkurranse med USA.

    Men standardprotokollarbeidet drog ut i tid, og systemet vaks seg større og større for kvar gong representantane frå dei respektive landa møttest for å samordna, eller leggja til, arbeidet. Dermed vart standardane omfattande og komplekse, og vanskeleg å implementera effektivt.





    TCP/IP og Internet

    Standardiseringsarbeidet innan ARPANET var prega implementering av prototypar først, så dokumentering av at dei verka, før dei igjen vart godkjendt som standardar. I 1974 vart førløparen til internettprotokollsystemet som vert brukt i dag, Transmission Control Program / Internet Protocol, eller TCP/IP, tatt i bruk.

    ARPANET 1987

    Internet brukast

    Medan standardiseringsarbeidet pågjekk, vart ARPANET brukt av stadig fleire, særleg relatert forsking og høgare utdanning. Dette førte til at ARPANET i 1983 vart splitta mellom ein militær del, kalla MILNET, og ein sivil del, kalla ARPANET.

    I Noreg var det utover 80-talet òg stadig fleire, særleg innanfor informatikkmiljøa, som kommuniserte via datanett i USA. Samtidig som ARPANET-teknologi vart tatt i bruk av andre, i påvent av utviklinga av den internasjonale standarden.

    I slutten av 80-talet valde òg organisasjonen for det akademiske datanettet, UNINETT, å bruka TCP/IP og Internettstandardar, som ein av dei første av dei største.




    Det første klikkbare kartet http://www.uninett.no/


    www

    Basert på den same plattforma, vart http-protokollane, html-språket, www, og nye nettlesarar utvikla, som opna for ein heilt ny cyber-verden. Vi kunne laga nettsider med lenker til andre nettadresser, og vi kunne henta fram klikkbare bilete på dataskjermen, som dette Noregskartet.

    Datanettkommunikasjon vart langt lettare tilgjengeleg, både ved bruk, og snart ved at fleire nettoperatørar tilbaud nettilgang. Veven la såleis grunnen for vanleggjeringa av Internett frå midten av 90-talet.



    Tim Berners-Lee's Homepage

    Ulemper

    Internett opna for nye kommunikasjonsmåtar, som òg vart tatt i bruk av grupper vi fleste vil assosiera negativt med. Det gjeld til dømes spreiing av pornografi, virus, datainnbrot, og mengder med uønskt e-post. Andre moglege ulemper er at vi vert avhengige av systemet og nettet, og at overvakinga av brukarane aukar.


    Nye bruksmåtar

    Men Internett har òg positive trekk, som letting av mange typar arbeid, kommunikasjon på tvers av etablerte kulturar, og danning av nye sosiale nettverk.

    På mange måtar tilbyr internetteknologien større moglegskapar for at folk kan forma eigen bruk, i høve til meir spesialiserte teknologiar. Ein parallell til Internettbruk, er mobiltelefonen og tekstmeldingssystemet som ungdommar tok i bruk på tvers av føresetnadene hjå produsentane. På same vis tok ungdomskulturar i bruk både prating på nett, og speling i sann tid, i stor skala, utan at det var tenkt, i alle fall ikkje noko mål hjå dei miljøa som utvikla datanett.



    Telefon og datamaskin


    Teknologisk konvergens II

    På den andre sida set òg teknologien, det vil seia produsentane, grenser for kreativiteten hjå brukarane. Mens mange prøver å sprenga grensene for bruken av spesialiserte teknologiar, mellom anna ved å imitera at dei er integrerte, bidreg produsentar av spesialteknologiar til tregleik i utviklinga. For produsentane vil jo helst selja så mange typar varer som mogleg, ikkje eitt produkt som dekker mange funksjonar. Samstundes ønskjer dei sjølvsagt å utnytta potensialet i marknaden, og tilpassar tilbodet til etterspurnaden smått om senn, anten ved å laga nye og midlertidige spesialprodukt, som DVD-spelarar, eller ved å modernisera gamle teknologiar, som mobiltelefonen.

    I dag er det ikkje berre tenkjeleg, men høgst sannsynleg at til dømes mobiltelefonen overtar for alle telefonar, og at den smeltar saman med datamaskinen. Det er òg teknisk mogleg å produsera mobiltelefonar med musikkspelarar, men i mellomtida får vi nøya oss med radioen og kameraet.

    Vi kan bruka datamaskinar som DVD-spelarar, og kopla den til større fjernsynsskjermar. Kanskje om ikkje så lenge, vil både stereoen, DVD-spelaren, fjernsynet og datamaskinen vera smelta saman til ein teknologisk gjenstand, saman med moglegskapar for styring av heimen, og vidare, fjernstyring av bilen via bruk av trådlause nettverk som dekker stadig større delar av gateromma.

    Fleirbrukspotensialet er enormt, men - ting tar tid. På den andre sida, er det kanskje godt at vi får tid...




    Internett på telefon



    I heisen

    Eg vil gjera eit lite tankeeksperiment, med utgangspunkt i den stadig større graden av samansmelta teknologiar som pregar samfunnet:

    Eg kjem heim seint ein kveld, og skal ta heisen opp til etasjen eg bur. Heisdørene opnar seg, etter først å ha sjekka identiteten min via irisgjenkjenning, og heisen går. Men, så skjer det som ofte skjer i den elektroniske kvardagen vår, teknologien sviktar! Heisen vil plutseleg ikkje godta irisen min, dørene går ikkje opp, heisen står. Og når eg om sider vert hjulpe ut, får eg trøbbel og må bruka tid på å prova at eg er den eg er...

    Andre døme frå i dag, er straumbrota i Nord-Amerika og Sør-Skandinavia. Integrering og sentralisering av teknologi kan altså gje uante følgjer.



    Klodenett


    Ressursbruk på overvaking

    Dette opnar for å drøfta eit anna aspekt ved den enorme teknologifiseringa og tendensen til eit integrert teknologisk samfunn: Dess større og meir mangefunksjonelt system, dess fleire ressursar må brukast for å vedlikehalda og fornya systemet. For at det ikkje skal vera for sårbart, vert det kanskje vald lukka teknologiar som folk flest verken har tilgang til eller påverknadskraft på. Heisen står, og det hjelper ikkje at irisen er min...


    Sosiale ulemper

    I eit sosialt perspektiv kan dei enorme ressursane på vedlikehald og overvaking av systemet grunngjevast med tryggleik, mellom anna for å halda uvedkomande ute frå heisen der eg bur. Men denne ressursbruken går kanskje ut over andre område, som sosial utjamning og førebyggjing av uønskt sosial framferd. Då vert det viktiga å styrka overvakinga, og systemet forplantar seg i økonomien med sjølvforsterkande tendensar.

    Teknologisk konvergens, som Internett, kan altså gje oss meir kontroll og tryggleik, men er òg opphav til nye farar. Det stiller høge krav til oss som kompetente brukarar av teknologien, og ikkje minst at vi forstår at vi har påverkingskraft, både på utvikling og bruk av teknologi, som på samfunnsstyringa generelt. Teknologien er i utgangspunktet nøytral, det er vi som kan gjera den til noko godt.



    Frans Widerberg: Krigssperre (1980)

    UKD © 2003
    e-post: unn.daling@hf.ntnu.no