Til NTNUs hovedside

Norsk ordbok 2014

Norsk Ordbok 2014 er det største ordboksprosjektet i Noreg. Også i internasjonal samanheng er det mellom dei største. Det har som mål å fullføre publiseringa av Norsk Ordbok (NO) i 12 band til grunnlovsjubileet i 2014. Så langt er fire band fullførde. NO er ei vitskapleg ordbok, det vil seie at redaksjonen gjer ein sjølvstendig analyse av kjeldetilfanget og legg det fram i den ferdige ordboka. Dette tilfanget er for det fyrste ord frå det nynorske skriftmålet fram til i dag; for det andre er ord frå alle dei norske dialektane ein viktig basis for ordboka. NO er altså både ei nasjonal dialektordbok og ei litterær ordbok. Arkivet inneheld over 3 millionar ekserpt frå litteratur og dialektoppskrifter. Arbeidet med å samle inn dette tilfanget byrja alt i 1930. Frå og med ca. 1990 har nytt tilfang for ein stor del kome til i form av elektroniske tekstar. Dei blir no samla i eit eige korpus med høve til mange slags søk i tillegg til automatisk ekserpering. På denne måten vert det gamle ekserptarkivet oppdatert når det gjeld samtidsspråket, ein får verdifull informasjon om bruk og frekvens, og nye litterære sjangrar vert innarbeidde i kjeldegrunnlaget for ordboka.

Hovudredaksjonen for Norsk Ordbok er i Oslo. I 2002 er det oppretta ei avdeling ved INL, NTNU, der Eli Johanne Ellingsve, Øyalf Endresen og Tor Erik Jenstad arbeider på prosjektet Norsk Ordbok 2014.