|
13. august 2010: Referat frå styremøte i Norsk Folkemusikklag 13. april 2010: Referat frå årsmøte i Norsk Folkemusikklag 15. januar 2010: NFL-seminaret 23. februar 2010: Frå folkehøgskule til festival og ”facebook” - Bruk og formidling av folkemusikk og dans i postmoderne tid. På Jubileumsseminaret til NFL i 2008 blei søkjeljoset retta mot folkemusikk- og folkedansutøving i vår eiga tid. Me hadde ei nordisk ramme i fjor, og i år vil det lokale i det globale – glokalisering – vera hovudramma for seminaret. Tema for seminaret vil såleis verta knytt opp mot forsking i kulturvitskap og etnomusikologi ved Universitetet i Bergen. Lennart Fjell, Phd student ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap ved Universitetet i Bergen og Olav Tveitane MA i etnomusikologi frå Griegakademiet ved Universitetet i Bergen er hovudinnleiarane. Etter desse to føredraga vil det verta arrangert ein paneldebatt med personar som arbeidar for og har lukkast med folkemusikkformidling på 2000-talet.
Forslag til felles oppstart: 22. februar 2010 kl 20.00 Columbi Egg med Majorstuen 15. januar 2010: Invitasjon til å skrive artikler for skrift nr. 24 (2010)! 15. januar 2010:
Ny årbok fra Norsk Folkemusikklag! Norsk Folkemusikklag (NFL) er, gjennom styret, den norske nasjonalkomiteen for International Council for Traditional Music (ICTM). ICTM har som mål å fremje studie, praksis, dokumentasjon, vern og spreiing av tradisjonsmusikk og -dans i alle land, og har rådgivande funksjon ovanfor UNESCO. ICTM er no, etter omorganiseringa innan UNESCO, ein av dei 63 organisasjonane med "formell konsulterande relasjon". Laget byggjer på eit veksande fagmiljø: Det er etter kvart ein del personar som har utdanning på universitets- og høgskulenivå, i musikkfag og andre relevante fag som etnologi, sosialantropologi og historie, med spesialisering i folkemusikk/-dans. Det er eit folkemusikkarkiv knytt til eller lokalisert ved alle dei 4 universiteta våre, med dokumentasjons-, forsknings- og formidlingsoppgåver. Dette er dei einaste institusjonane som direkte driv forskingsverksemd. I seinare år er det oppretta fleire regionale og lokale folkemusikkarkiv, som arbeider med dokumentasjon og formidling. Laget har og medlemer som er knytt til det organiserte folkemusikkmiljøet som utøvarar i spel, kveding og dans, eller andre som er interessert i kunnskap om folkemusikk/-dans. Enkelte av desse driv og forsking utan institusjonstilknytning, og mange driv med opplæring i lokalmiljøa, t.d. gjennom musikkskular. NFL representerer eit miljø der både forskarar, utøvarar, og andre som arbeider med, eller interesserer seg for norsk folkemusikk og folkedans møtest. NFL er i dag den einaste organisasjonen som har som hovudmål å halde oppe eit slikt miljø, og laget rekrutterer medlemer frå samtlege av dei andre folkemusikk- og folkedansorganisasjonane. Laget ser det som ei viktig oppgåve å stimulere forskarar og andre som arbeider med forskingsrelaterte emne, og leggje til rette for kommunikasjon mellom forskarmiljøa og utøvarmiljøa, slik at begge kan nytte godt av kvarandre sine røynsler. NFL arrangerer årlege fagseminar: Seminar der medlemer og andre interesserte kan møtast og drøfte faglege tema. Innleiarar har vore henta frå det norske og det nordiske forskarmiljøet. I samband med seminara arrangerer NFL Forum for folkemusikk- og folkedanstilsette, eit forum for alle som har sitt daglege arbeid knytt til folkemusikk eller folkedans. Det kan vere forskarar, folkemusikkarkivarar, distriktsmusikarar og folk som arbeider med undervising og opplæring på ulike trinn. Her vil dei ulike interessegruppene kunne ta opp emne av særleg fagleg interesse. NFL gir ut ein årleg skriftserie. Skrifta inneheld innlegg frå fagseminara, og andre aktuelle artiklar av fagleg interesse. Hovudoppgåver som tek opp interessante tema har og vore gitt ut gjennom skriftserien. Artiklane blir fagfellevurdert og skriftet fyller kriteria for vitskaplege tidsskrift. I tillegg til desse aktivitetane, søker laget å halde kontakten med det internasjonale forskarmiljøet gjennom ICTM sine konferansar og studiegrupper. ICTM sin verdskonferanse bli halden kvart andre år. NFL har vore representert på ICTM sine verdskonferansar og held kontakt med det internasjonale folkemusikkforskarmiljøet. Rff-sentret er sekretariat for NFL. Noverande styre:Ola Graff, Tromsø - leiar Dette styret vart valt på årsmøtet i februar 2010. Web-sidene er laga av Hans-Hinrich Thedens. Oppdatert 13. august av Silje Sølvberg. |